Historie





Firmaet Johan Flo & Søn vart etablert i Bruagrenda i 1917 som kjøtt og slakterbutikk. I 1931 kjøpte Johan Flo verkstaden til Karstad & Co i Tonningsgata 30,og lagde verkstaden om til kjøttvareforretning. Seinare blei det eiga avdeling med herreklær, frakker, jakker og hatter i tillegg til glas og stentøy og fetevarer.

Sønnen Ola tok over i 1954
Den 25.juni 1965 vart vi den første sjølvbetjeningsbutikken med matvare i Stryn på 63m2. Hadde da 3 handlevogner og 10 korger!

I 1967 bygde vi på, og 1.desember opna nyebutikken med eiga avdeling for jernvare og kjøkenutstyr.

Høsten 1972 utvida vi kolonialen til 131 m2. Det er det rommet vi i dag kjenner som målingsavdelinga.

I 1973 tok Johan over butikken
Den 25.juli i 1981 vart det opna ny butikk i Flobygget (G-Sport i dag), og matvareavdelinga blei flytta dit, sammen med glasmagasin i 1.etg, leiketøy og kjøkenutstyr i 2.etg. 
Då vart butikken i Tonningsgata 30 kun jernvareforretning.

I september 1991 gikk Johan Flo & Søn A/S inn i Jerniakjeden.

I 1997 bygde vi på 300m2 med butikk, i tillegg til 300m2 med kontor, lager og verkstad samt 3leiligheter på toppen.

4. generasjon Flo, Vidar, tok over i 2005
I 2007 vart butikken bygd ut, og slått saman med den gamle fargehandelen, til den vi kjenner i dag, med 9 leiligheter på toppen

I dag er butikken på 1030m2.